Velkommen til utstilling – Sanselig Samhørighet – Heimdal kunstforening

Det tar omtrent ti minutter å felle et tre, men bortimot hundre år å gro et nytt

Tekst av Heidi-Anett Haugen, biletkunster og forfattar

Eg var så heldig å få møte Margrethe Pettersen fyrste gong ho var på befaring for å sjå Heimdal kunstforening kvar ho no stiller ut. Ho kom med toget frå Oslo, og hadde med seg hengekøye. Ho skulle henge opp hengekøya i to bjørketre på baksida av kunstforeininga, mellom den og togstasjonen. Der skulle ho ligge heile natta for å ta opp lyd. Tidleg neste morgon skulle ho ta toget heim att. Før eg ønska ho ei god natt og lykke til fekk eg sjå då ho sanka kjuker, ein sopp som veks på bjørketre, og som ho fortalte meg at ein kan lage papir av. Med medbrakt kniv, stod ho på ein stige, skar av kjuker og kasta dei ned til meg. 

Pettersen jobbar prosessorientert med praktisk tilnærming som metode. Ho sankar organisk materiale og lydar og lar bevegelse i landskap og byrom ofte bli ein del av hennar verk. Ho ser på sin kunstnariske praksis som årringar, der ein ring er eit verk og i mellom kvar ring er prosess og hendingar i livet som er med på å forme neste ring. Pettersen er opptatt av lokale vekstar og kunnskapen om dei. I hennar verk utforskar ho røter, både sine eigne, men også staden kvar ho er sine røter. Pettersen har samiske røter, ho er miljøpolitisk engasjert og interessert i urfolks metodologi, korleis nærleik til landskap og dei andre (meir enn menneske) har ein verdi. 

Pettersen har nærma seg sine samiske røter igjennom planter og lært seg deira samiske namn, blant anna Geiterams som på samisk heiter Horbmá. Geiterams kan både etast og drikkast og gjev ein gul farge når den blir kokt. 

Pettersen likar å jobbe med ugras og vart fasinert over definisjon «uønsket på et bestemt område». Då ho såg nærarepå desse vekstane var dei fleste nyttevekstar. Å brodera og jobbe med tre er for henne er ei øving på å gå ned i tempo, kvar ho kjenner på materialet, garn ho har farga med planter ho har sanka. Ho har ei audmjuk tilnærming til materialet ho jobbar med og ein heilskapleg tanke om det. Ho sankar ikkje meir enn det ho har bruk for. 

Pettersen er opptatt av kunnskap ein ikkje lærar på skulen og i det vestlege akademiske systemet. Ho lyttar og er til stades med sin kropp som har blitt del av hennar metode. Det

Sykliske og runde former går igjen i hennar verk. Av kjuker frå bjørk har ho laga runde papir, Heimdal sitt lydlandskap har ho tatt opp og bearbeida saman med ein joik. Garn har ho farga med «ugras», som igjen blir knytt til staden det er sanka frå. 

Det er ikkje fyrste gong Pettersen stiller ut på Heimdal Kunstforening. I 2010 stilte ho ut verket sitt «Milepæl» i gruppeutstillinga «Hommage à Ivar Jåks». Utstillinga hylla og aktualiserte Jåks (1923-2007) sitt kunstnarskap. Jåks sin kunst har forbindelse til tradisjonell duodji, samtidig som den problematiserer omgrepet om kunstverket og reflektererøkologiske prosessar. Det er absolutt nokre likskapar mellom Jåks og Pettersen sitt kunstnariske virke, og det gleder meg å sjå at Pettersen er tilbake i kunstforeininga, denne gongen med eiga separatutstilling.

«Trærne og plantene står stille med sine røtter – da tenker jeg det er helt klart de har utviklet en veldig avansert måte å kommunisere og samarbeide med andre vekster, trær og sopp.» – Margrethe Pettersen